Noregs Mållag er ein av dei aller raraste organisasjonane eg veit om. At 10.000 menneske i Noreg framleis betaler medlemspengar i ein organisasjon som er meir gjort til lått enn dei fleste andre - det er rart. Og at desse menneska faktisk trur det er vits i, når føremålet er daudt og gravlagt for lenge sidan - det er rart. Eg trur vi i dotterorganisasjonen har det til tilhøvet til gamla som mange døtrer har til si mor: Det er frustrerande, hjarteleg og ikkje minst fylt av ei sterk kjensle av at
vi er same jævla ulla. Så til alle dei som er medlemer i eller glade i ho mor, og ikkje minst til gamla sjølv: Til lukke med dagen. Drit i lårhalsen, gå på fest og dans. Du har mykje å feire!