7/18/2008

Til knes i sumar-leire

Til knes, ja. Der har vi kanskje ein størkna kasus? Og apropos størkna – denne sumaren har sumarleira slått til som aldri før, så eg sit som størkna fast. Sumarleire er den kjensla som sig inn over deg når du oppdagar kor mange politiske ungdomssumarleirar du eigentleg skal på. Norsk Målungdom var som vanleg best, feitast og med mest sol og dei vakraste deltakarane. I morgon skal eg helse sumarleiren til Ungdom mot EU. Neste veke er det Sosialistisk Ungdom og Folkekulturfestivalen og årsmøtet til Noregs Ungdomslag. I veke 31 avsluttar eg det heile med ei vitjing på leiren til Unge Venstre, der eg skal opplyse dei liberale massane om det viktige i å kjempe for morsmålsopplæring.

7/14/2008

Teikneserieromanar

Eg spår at den store schläger'n denne sumaren blir teikneserieromanar. I dag kjøpte eg Pyongyang av Guy Delisle, og har planar om å setje meg inn i Pushwagner, Will Eisner, Marjane Satrapi og fleire andre. Og kva med Øystein Runde?