Jepp, i morgon blir det streik i Sauda. Og i Volda. Og i Ørsta. Og på Firda, Vinstra, Voss, i Oslo, Bergen og sikkert plassar eg ikkje kjem på nett no. Mange, mange elevar skal syne Djupedal kva dei meiner om at han drit i nynorskbøkene.
Det er utruleg kjekt å vere med i NMU når ting som dette skjer. På ei og ei halv veke har vi mobilisert masse engasjerte ungdomar, og folk eg aldri har høyrd om ringjer for å lage eigne aksjonar på skulane sine. På eit par dagar har vi vore i masse radiokanalar, aviser og overalt elles. Vi har fått støttefråsegn frå Raudt, og journalistar i nynorskaviser ringjer og ynskjer oss lukke til med streiken.
Eg er sliten. Sjølvsagt er eg det. 12-14 timar på kontoret, rett heim i loppekassa, og på kontoret igjen. Men det er sånn som dette eg vil ha det! Når vi klarar å bryte muren av valkamp, Akersgata og alt mogleg anna og når fram med bodskapen vår. Når vi har alle dei gode argumenta på vår side, og blir høyrd. NMU er ein viktig organisasjon, men det er sjølvsagt best når fleire enn Jens veit om det...
I morgon skal eg til Vinstra for å halde appell. Når hadde vi sist aktivitet på Vinstra?, spør eg retorisk.Og: Om det finst folk der ute som vil lage streik eller aksjon: Ta kontakt!
Siste: Medan eg sit og skriv dette, ringjer ei tøff jente frå Garnes vidaregåande skule ved Bergen. Ho fortel at dei har sett plakatar og avisoppslag for streiken, og at dei gjerne vil vere med. På éin dags varsel!
Hva er likheten mellom Frp og småbarnsforeldre?
for 2 timer siden

