5/31/2007

Korleis er det å leve det glamorøse livet som påtroppande NMU-leiar?

Dette er eit spørsmål eg veit mange stiller seg for tida. Eg skal freiste gje eit snøgt resymé.

For det fyrste er det fullt av skittenty. I dag er det skippertak-i-heimen-dag, så vonleg blir haugen litt mindre. Men det er mykje som må gjerast i huset. Eg har ein plan om å fikse sykkelen, men vonleg klarer eg å utsetje prosjektet så lenge at eg må på jobb. Elles er det mange artige menneske ein kjem i kontakt med. I går fekk eg eit handskrive brev frå einfyr på Bygdø, som meinte eg tok feil i kronikken min når det gjeld at jamstillinga skjedde i 1885 og at nokon vedtok noko som helst om sidemål i 1907. Eg får setje meg ned og svare han. Skrive for hand.

Ein opptur var at Aftenposten ringte i dag. Det var (som vanleg) pinleg å bli intervjua, men på slutten spurde journalisten om ho skulle skrive intervjuet på nynorsk. Då blei eg glad! Aftenposten er i det heile ei god avis. Det var gøy å sjå at dei stilte med ein støtte-leiarteig dagen etter at eg hadde kronikken min på trykk. Eg har fått mykje ros for han - ros er gøy!

Eg arbeider i heimehjelpa i Bydel Gamle Oslo. Det er ganske heftig. Eg kjem attende med djuptgåande, sosialpolitiske rapportar om ein stund. Våtsj aut, høgrebyråd, no kjem sanninga for ein dag.

Eg ender denne bloggposten her. Det blei ikkje plass til å skrive om alle premierefestane, glamourmodellane, sjampisen eller mine hyppige møte med Jens og Jonas. Så det får eg ta ein annan dag.

Filmhjørnet
For tida er det film kvar dag. På ei veke har eg sett Amadeus, Alt om min mor, De andres liv og halve Metropolis (1927-varianten). Her er det mykje å lære.

Spørsmål: Kva har desse filmane sams, utanom å stå i filmhylla mi?

5/28/2007

Fleire ting på ein gong

I det siste har det vore ein del prat om sidemål – eg trur det har med hundreårsjubileet å gjere. Både Dagbladet og Aftenposten har nytta plass på jubileet, på ein god måte. Det gjer at eg blir glad, og det slår beina under argumentet til Unge Høgre om at det berre er «Målungdommen, Øystein Djupedal og Rolf Reikvam» som tykkjer sidemålsundervisinga er bortkasta tid, slik ein kunne lese i ei pressemelding 24. mai. Det er tydeleg at høgre-avisa Aftenposten ikkje gjer som Høgre vil...

Eit anna argument som stadig er oppe, går på at vi i NMU er dumme, teite og duste som nyttar all tida vår på å kjempe for sidemål, som er ei tapt sak. Sidan dei som kjem med slike argument ofte er dumme, teite og duste, skal eg freiste oppsummere fakta (jepp, eg eig røyndomen!) i enkle punkt.

  1. Les årsmeldinga vår. Då forstår du snøgt at NMU nyttar j*vleg lite tid på sidemål, sånn totalt sett. Innsatsen avgrensar seg gjerne til å sende ut ei mot-pressemelding kvar gong Unge Høgre kjem med noko drit.
  2. Når vi fyrst nyttar tid på sidemålet, er det for å arbeide for eit betre sidemål. Då tenkjer eg ikkje på betre som i «betre for NMU, som kan få tilfredstilt dei sjuke elev-pine-fantasiane sine», men som i betre for elevane, som får ei meir relevant og interessant undervising.
  3. Sidemål er ikkje ei tapt sak, slik nokon likar å påstå. Sidemålet er der. Elvane lærer det. Det finst. Vi har rett og slett ikkje tapt. Men NMU (og andre lure folk) er lite interessert i å gå ned i skyttargrava for å forsvare den ordninga som er i dag. Ho er berre ikkje bra nok.
  4. Kvifor nyttar Unge Høgre så mykje tid på sidemål? Kor kjem denne utrulege språkpolitiske interessa frå? Eg trur det handlar om noko vi oppsummerer i eit framandord som heiter «populisme». Men det ordet er kanskje litt vanskeleg for desse Unge Høgre-folka, så det får vi ta ein annan gong.

5/26/2007

Gøteborg = Gothenburg

For ei helg er Gøteborg blitt til Gothenburg. På konferanse med 150 menneske frå over 20 land, er engelsk arbeidsspråket. No er eg matt. Av lukke, ettersom eg pratar med folk frå alle kantar av verda, lærar utruleg masse og er på ein konferanse som er mykje mindre svada enn eg trudde. Men òg matt av å heile tida måtte konsentrere seg, fylgje med, prate enelsk, vere sosial med vilt framande menneske og heile tida lære tusen nye ting. Men det er verdt det, sjølvsagt.

Berre på rommet er vi fire gutar. Meg, to frå Sri Lanka og ein frå Kviterussland. Det gjer noko med diskusjonen, kan du seie. Når svenskane og eg pratar om skilnaden mellom landa våre, er det vêr, ølprisar og tilsvarande djupe emne som kjem fram. Sri lankesarane svarar demokrati, helsevesen og skule. Det gjev andre perspektiv, som det jammen er sunt å få.

Elles har eg vore i møte om ungdomskonferansen til UNESCO med andre nordiske og baltiske representantar og ei kul dame frå UNESCO-hovudkvarteret i Paris. På møtet fann vi ut mykje interessant, og eg gler meg til prosessen framover.

Men no skal eg skru av dataen og sove i fem minutt før vi skal attende til Världskulturmuseet for middag, underhaldning og truleg ein del øl. Mingle-mingle.

5/23/2007

Gøteborg!

Plutseleg ringde dei frå LNU og lurte på om eg ville på konferanse i Gøteborg i helga. Det passa fint (eller nesten, i alle fall), så då skal eg det. Programmet kan du sjå her. Konferansen skal vere på Värdskulturmuseet i byen, som er eit kjempeflott museum mange NMU-arar kjenner frå sumarleiren 2005. Eg gler meg!

Elles
I morgon er sidemålsordninga 100 år, og eg vil tilrå alle å lese ein tøff kommentar i Dagbladet i dag. Om ikkje noko har skjedd, har eg ein kronikk i Aftenposten. Det er alltid litt skummelt når ein leverer frå seg ein tekst: Var det eigentleg så lurt, det eg hadde på hjarta? Blir dei sure, dei eg retter skytset mot? Kva om dei ikkje gidd prente kronikken likevel? Og sånn kan eg halde fram ein stund. Men det er jo ikkje noko vits i å tenkje slik no. Kronikken er innsendt, jubileet er her. Jippi!, seier eg, og ikkje minst tenkjer eg:

HAHA, UNGE HØGRE, I MORGON FEIRAR VI 100 ÅR MED TAP FOR DYKK OG SIGER FOR OSS.

Sånn, det var godt å få sagt det!

5/22/2007

Tom

No er eg heilt tom. I morgon er det siste eksamen for denne gong, og eg har ikkje aning om kva som skjer etterpå.

Elles
Ting eg er lei av å høyre om

  • Eksamensstress, -angst og -mas
  • Facebook
  • Rooco
  • At Høgre er for nynorsk, det er berre sidemålet dei ikkje likar
  • Clinton, Tromsø-OL og kombinasjonen
  • Førde-undersøkinga. Eg meiner; for noko møl!
  • Normering
  • Robert Merton
  • Ting som liknar på dei som er på denne lista
Filmhjørnet
I desse Giro d'Italia-tider, oppmodar eg alle om å sjå om att Trillingene fra Belleville. Elles ser det ut til at eg skal vere friviljug under Kortfilmfestivalen i Grimstad. Noko som truleg blir det næraste eg kjem ferie, ettersom eg skal nytte resten av sumaren på å vaske gamle menneske busett i bydel Gamle Oslo.

Til slutt legg eg ut eit bilete av meg som friviljug på kortfilmfestival i Grimstad.

5/16/2007

Hipp hipp!

Mai er ein månad for dei heilt store dagane. På den 16., dagen før Dagen, slit eg med eksamenslesing medan eg høyrer trommeslag frå korps og barnehagar som vitjar sjukeheimar i nabolaget. I morgon blir det supertradisjonelt, nett slik 17. mai skal vere. Vilde på 8 år skal gå med korpset for fyrste gong, og eg ser ikkje bort frå at det kjem eit rusk i auget mitt.

Ei anna sak som har framkalla rusk i auget er 17. mai-feiringa i Finnsnes i Troms. Då den lokale Lions-pampegjengen ikkje ville skipe til 17. mai-feiring i kommunen etter ein sårande karrikaturteikning i lokalavisa, tok asylmottaket over. Dimed har Finnsnes fått ein 17. mai-komité på 112 personar frå 18 land, som dei siste vekene har øvd seg på toggåing, nasjonalsongsynging og andre viktige aktivitetar. Troms Folkeblad er stappfull av stoff om saka, og både NRK og TV2 kjem for å dekkje den historiske hendinga.

Heia Finnsnes!

5/09/2007

No får det vere nok

Eg er lei av ikkje å ha Klassekampen på døra om morgonen. Når eksamenstida er over, blir tinging på meg òg.

Elles – filmhjørnet – topp ti-spesial!
Her kjem ei liste over emne eg skulle ynskje nokon laga film om.
  • Den norske målstriden – eit heftig, stort, og på alle måtar spektakulært epos med Hege Myklebust, Olaug Nilssen og Synøve Midtbø Myking i rollene som kvarandre. Den bokmålsbrukande skurken set heile bygda i brann i siste scena.
  • Eksamen i SVMET1010 – slapstick-komedie for heile familien med Fritjof Fomlesen i rolla som meg.
  • Målreising i 75 år – for alle dei som ikkje gadd lese boka, og i staden venta til ho kom på film.
  • Serafin og Plym – dei beste barnebøkene i heile verda, som eg no har dytta over på ungane i heimen. Nei, Gérard Depardieu skulle ikkje få vere med.
  • Kunnskapsdepartementet – tør der Etaten teier!
  • Siviltenesteadministrasjonen – ein fransk kunstfilm med sakte kameraføring, langsame replikkvekslingar og ei veldig ro. Svart-kvitt og friske gråtonar.
  • Mari Asland og Jens Kihl lagar søtpotetstuing – norsk kortfilm med sterkt fokus på grønsaker og statleg stønad.
  • Facebook. The Movie – ein skummel, amerikansk spaningsfilm om ovarvakingssamfunnet. Jepp, Jodie Foster skulle vere med, og jepp, ho skulle ha det klaustrofobisk store delar av filmen.
  • Horten – ditt næraste eksotiske reisemål! – ein opplysingsfilm om Noregs mest undervurderte ferieby.
  • Nynorsk is a better language – 20 år etter – ungdomane frå den fyrste filmen har fått seg jobb i Aasentunet, byrja med sigarettar og vaksenkorps og vurderer å kjøpe nasehårklyppar. Øyvind Blunck er framleis berre halvvegs i Les Misérables.

5/07/2007

Hei, hå og ymist

Landsstyremøtet i helga var så bra at eg heilt svikta bloggen min. Her er det eg tenkjer på no:

Gode slagord for nynorsk:
  • Skriv ein norsk som er ny, og bli kulare enn Kjetil Try.
  • Nynorsk er blytorsk.
  • Hyklerinynorsk er betre enn kykelikynynorsk.

Her luktar det kampanje lang veg.

Filmhjørnet
Eg fekk tilsnakk i helga for å ha forsømt den populære spalta filmhjørnet. I dag fekk eg endeleg det strykebrettet eg hadde ynskt meg, og no vil eg gjerne sjå ein film der strykebrett er ein sentral rekvisitt. Nokon som har eit godt framlegg? Simon, kanskje?

Favoritt-skribleri på Blindern-do
Denne finn du i 1. høgda på Harriet Holters hus, og er ein av grunnane til at eg ofte legg doturane mine innom nett denne doen.


Elles

For eit par dagar sidan var det fullt av brannmenn og politi i gata. Eg blei nesten skuffa då eg forstod at det berre handla om litt røyk frå ein papirdunk. Men så er vel ikkje Vøyensvingen Bronx heller.

5/01/2007

1. mai!

I dag er det 1. mai. Flagget blei hengt opp på balkongen 08.00, og eg er klar for å feire den store dagen. Eg blir alltid så glad av 1. mai; det er fint å sjå at det er mange andre som tenkjer litt det same som meg, og som vil vere med og markere dagen. Eg vil altså berre nytte høvet til å ynskje alle ein riktig god dag. Og så vonar eg at alle går i tog: 1. mai-tog er terningkast seks.

Elle(s)
I går natt drøymde eg at eg møtte Signy Fardal og fekk sagt til henne kor utruleg språkleg frigjerande eg tykte det var å lese om Jessica Simpson på nynorsk i Elle.

Bonus-elles
Eg har fåt ny t-skjorte! På biletet blir han prøvd ut saman med øl, sol og balkong.