11/30/2006

Nynorsk og smålåten?

Propaganda melder under hurra-meg-rundt-tittelen "Nytt matmagasin - på nynorsk!" at daglegvarekjeda Drageset lanserer eit nytt matblad. Mållags-boss Hege Myklebust seier i ein kommentar at "det er aldeles strålande at Drageset vel å laga magasinet sitt på nynorsk. Det er nesten meir enn ein kan forventa av ei daglegvarekjede som først og fremst skal selja mat".

Ikkje for å vera kjip, men at ei matvarekjede som har nytta nynorsk i alle år held fram med nynorskbruken er vel ikkje "nesten meir enn ein kan forventa"? Gje målrørsla heile armen, og ho tek vetlefingeren.

11/28/2006

Små slag i målstriden

På kjøleskåpet mitt heng det to utklypp frå Si;D, Aftenposten si debattside for ungdom. 21.11.06 kunne ein lesa dette:

Hald kjeft!
Eg er nynorsk, men eg snakkar nynorsk/bokmål. Altså så er eg blanding, men eigentleg så er jo nynorsk hovudspråk i landet, sidan vikinganes språk likna mest på det. De som snakkar bokmål har ingen aning kva dykk snakkar om! Kva er gale med dykk? Nynorsk er bra, det! Eg kan faktisk føle det gamle vikingblodet strøyme gjennom meg, og ingen der ute kan ta det frå meg, det er mitt. Og nynorsk er mitt språk. BERRE HALD KJEFT!
Sint nynorsk 15-åring

Svaret lot sjølvsagt ikkje venta på seg. I går fekk me den like treffande fortsetjinga:

Smiske-nynorsk
Til "sint nynorsk 15-åring" (21.11.). Du kan ikke mene at nynorsk er hovedspråket i Norge fordi nynorsk ligner mest på vikingspråk, og du føler det gamle vikingblodet strømme gjennom deg!? Bokmål er hovedspråket i Norge. Når folk snakker nynorsk, høres det ikke norsk ut. Det høres ut som smisking. Det er ikke vi som er gale, det er dere som mener det samme som deg.
en gutt fra Oslo

Er det rart eg elskar å driva med målsak?

(Om valnemnda framleis jaktar på nye sentralistar, vil eg definitivt tilrå "Sint nynorsk 15-åring".)

11/27/2006

Kva skjer i livet til Jens?

Kanskje dumt av meg å stilla spørsmålet når svaret er så keisamt. For det som skjer er i grunnen berre eksamensting. I Oslo regnar det; eg høyrer på plater og hiv innpå med te i beste haustklisjéstil.

Som vanleg når eg ikkje har noko å skriva om, smeller eg til med ein skikkeleg biletspesial.



Her kjem ei god blanding av blinkskot frå ymse plassar. Me startar friskt med to kjærastpar som har vore på dialektprisutdeling på Ås.



Så kjem det eit bilete av Elisabeth, som har fått kommandoen "ver morosam til kameraet".



Dette er eit fotografi av ein fest som har gøymd seg bak ein busk. Tenkja seg til!



Så triveleg kan det sjå ut på matpakkesamlingane med SmiO. Bur du i Oslo og manglar eit liv på måndagar i tolvtida? Komkom! Me sit på Fredrikke. Sjå etter det ultrakule skiltet.

11/13/2006

Ven(n)er for livet


Eg skrudde på fjernsynet for litt kommersiell tidtrøyte, og kva fekk eg sjå? TV 2 har byrja å teksta Venner for livet på nynorsk! Kva meir kan ein ynskja seg på ein uproduktiv måndag?

11/09/2006

God lesnad

Eg vil gjerne tilrå ei side, nemleg heimesida til Norsk Bane. Her handlar det om togutbyggjing – på nynorsk! Eller kva seier du til å nå byar som Trondheim, Ålesund, Bergen eller Stavanger på to og ein halv time frå Oslo?

Tut-tut, seier no berre eg.

11/06/2006

På veg mot nord.

Eg er på veg til Mo i Rana. 15 timar på tog – kvar veg. Eg har aldri vore nord for Trondheim med tog før, så eg gler meg stort! Dette er nordlandsdelen av Nasjonal Aksjonsdag med NMU, og oppdraget er målferd på ein vidaregåande skule i Mo sentrum. Om morgonen (ti på åtte presis) skal eg verta intervjua av NRK Nordland. Reportarenvar særs entusiastisk, sidan han meinte han var den einaste nynorskbrukande NRK-journalisten i Nord-Noreg. Då måtte eg seia at tøffe Inger Johanne og tenestegjer for Målet i nord. Så var me samde om at Inger Johanne var ei flink og bra kvinne.

Fun facts om Rana, Mo og Mo i Rana:

  • Det er Noregs fjerde største kommune i areal (4464 kvadratkilometer).
  • For NMU-arar kan det vera interessant å vita at dette er byen som husar Statens Innkrevingssentral. Byen har tydelegvis kompetanse på dette området; på Mo ligg òg Lisensavdelinga til NRK.
  • Mo i Rana er Nord-Noregs tredje største by.
  • Tidlegare gjekk byen under namnet «Jernverksbyen», men har no gått over til det meir poetiske namnet «Polarsirkelbyen».
  • Nordlandsbana kom til Mo i Rana i mars 1942.
  • Byen er eit senter for sørsamisk, og det er no ordskifte i lokalavisa Rana Blad om den nye, samanslegne vidaregåande skulen skal få eit sørsamisk namn.
  • Rana er ein av dei sterkaste SV-kommunane i landet.

11/02/2006

I natt eg drøymde

I natt drøymde eg at eg gjekk ned i spagaten, til stor overrasking for dei andre som var til stades i draumen. Nokon som har ein idé om kva dette tyder? Mjuk mann? Markeringstrong? Lyst på spaghetti med skrivefeil?