7/11/2009

Nyttårsløfte - oppdatert

Greitt, no har halve året gått, og det kan vere på tide å kome med ei oppdatert nyttårsløfteliste. Eg har tenkt at det enklaste var å dele ho in etter departement:

Statsministerens kontor
Inkje å melde. Dårleg start?

Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Jobb i Nei til EU og Noregs Mållag. Veldig spanande og ganske krevjande.

Barne- og likestillingsdepartementet
Vonar det blir meir likestilling enn barn i andre halvår av 2009.

Finansdepartementet
Eg skal spare i BSU, og ha ein ryddig økonomi. Og svi av minst 10.000 på nytt stereoanlegg!

Fiskeri- og kystdepartementet
Eg skal ete fisk minst to gonger i veka.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Eg bør førebu den store fornyinga avbalkongen min som etter planen skal skje våren 2010. Det blir bra!

Forsvarsdepartementet
Legg ned skiten. Eg reknar ikkje det å forsvare sakene som er viktige for meg som løfte, men som ein slags overlevingsstrategi.

Helse- og omsorgsdepartementet
Tren meir!

Justis- og politidepartementet
Eg kan tenkje meg at meir sjølvjustis etter midnatt ute på byen kan vere ein god idé. Nokon sa visstnok at det var sånn, i alle fall.

Kommunal- og regionaldepartementet
Det er vel her politikk sorterer? I så fall kan eg love at eg skal gjere mitt for å gjere SV til valvinnar til hausten! Og late dei tusen Sagene SV-blomar bløme.

Kultur- og kyrkjedepartementet
Eg lovar å bruke meir pengar på musikk og bøker. Og ettersom dette er seriøse saker, tykkjer eg det er heilt på sin plass å kanalisere pengebruken gjennom butikkar med pene ekspeditørar.

Kunnskapsdepartementet
Nix. Studiepause denne hausten.

Landbruks- og matdepartementet
Fem om dagen og dei kulaste balkongkassene i blokka!

Miljøverndepartementet
Meir tog og mindre fly. Dette går truleg bra ettersom eg har færre nasjonale verv enn i fyrste halvår.

Nærings- og handelsdepartementet
Det var då fælt så mange departement det var, då? Eg har ikkje noko å melde her.

Olje- og energidepartementet
Vere flink til å bidra i kampen mot olje i nord. Melde inn alle venene mine i Folkeaksjonen!

Samferdselsdepartementet
Reise med tog mellom Mo i Rana og Bodø, slik at eg endeleg kan få fred i sjela etter å ha reist alle jarnbanestrekningar i Noreg.

Utanriksdepartementet
Redde verda i SN saman med Julie og vere flink i internasjonalt utval i NMU.

7/10/2009

Kultur og politikk

Valkampen er snart over oss, like sikkert som eitt eller anna som fungerer metaforisk og er heilt sikkert. Og som vi alle veit - høgdepunkta i valkampen er gjerne når dei ulike partia lanserer valkampsongar og partileiarane ser seg tvinga til å vugge med (i utakt til musikken) og smile tappert. Er du redd for å gå deg vill i kulturjungelen? Fortvil ikkje! Musikkredaksjonen her på AKP har laga ein gaid for deg som gjerne vil vite kva du snakkar om utan å vite kva du snakkar om.

Framstegspartiet
Denne songen er ein sikker vinnar på vorspiel, fest og nachspiel. Det mangefasetterte kjensleregisteret gjer at songen fungerer til all slags bruk, og kven drøymer vel ikkje om eit piano med Frp-logo?


Høgre
Dette partiet har førebels ikkje kome med nokon song. For dårleg! Men då kan vi kose oss med denne i staden:


Venstre
Denne songen er faktisk så dårleg at redaksjonen førebels ikkje har orka å høyre heile, difor er det vanskeleg å gje ein dom. Men kanskje songen tek seg opp mot slutten?


Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti
Desse partia har ikkje funne heilt ut av denne internetten enno.

Arbeidarpartiet
Denne songen er ikkje så dum! I tillegg er det veldig bra at Arbeidarpartiet profilerer seg på nynorsk, og Bøygard-systrene er ganske kule. Tommel opp. Hadde det ikkje vore for den dårlege politikken til Arbeidarpartiet, ville vi vurdert å røyste Ap 14. september.

SV
Mash-up! Mash-up! Mash-up! Perfekt for SV-kyrkjelyden. Og for redaksjonen på AKP er Kristin Halvorsen den einaste Gud.


Raudt
No trudde du kanskje at Raudt ikkje hadde nokon valkampsong? At dei sinte folka ute på kanten av politikken ikkje tok seg råd til den slags tull? Då hadde du heilt rett. Difor fiksa P3-Ronny ein song til dei! Sjekk ut kva nynorskhelten har diska opp med.

6/07/2009

Eit ord og eit spørsmål.

Eit ord:

Økosatanisme.

Eit spørsmål:

6/06/2009

Jens lærer seg eit nytt språk

I juli skal eg nokre dagar til Lisboa saman med Julie. Dimed fekk eg Cappelens parlører: portugisisk frå 1974 av Mormor - ho rekna ikkje med at ho hadde meir bruk for han. Trass i at boka berre er på noko-og-tretti sider "vil De mestre situasjonen med Cappelens parlør". Ettersom det finst mange andre der ut som heller ikkje kan portugisisk, tenkte eg det kunne vere fint med litt språkleg folkeopplysing. For å hjelpe oss gjennom språket har Magnhild og Frode teke på seg jobben å syne nokre tablå frå portugisisk kvardagsliv. Frode stiller med poncho og vil i denne dialogen figurere som Miguel. For kulturingorantane der ute finn de omsetjinga nedst.

Portugisisk
Magnhild: Bom dia! Desejava despachar a minha mala.
Miguel: É muito caro.
Magnhild: Não?
Miguel: Pode-se fazer campismo aqui? Tive um acidente...
Magnhild: Não. Não gosto da forma e da côr. Faz favor de me mostrar algo de outra qualidade?
Miguel: Preciso com urgência de um remédico contra o purgante.
Magnhild: Está bem, pode passar.
Miguel: Há aqui cabinas? Pode-se alugar um calção de banho?
Magnhild: Sofro de algodão de passajar.
Miguel: Desejava a garrafa e rins.
Magnhild: Há água corrente!? Tenha a bondade de encher o radiador.

Bokmål
Magnhild: God dag! Jeg vil gjerne sende kofferten min som reisegods.
Miguel: Det er svært dyrt.
Magnhild: Nei?
Miguel: Er det lov å slå opp telt her? Jeg har hatt et uhell...
Magnhild: Nei. Jeg liker ikke formen og fargen. Kan De vise meg noe annet?
Miguel: Jeg trenger absolutt et middel mot avføringsmiddelet.
Magnhild: I orden!
Miguel: Finnes det omkledningskabiner her? Kan man leie en badebukse?
Magnhild: Jeg lider av stoppegarn.
Miguel: Jeg vil gjerne ha fett og nyrer.
Magnhild: Er det rennende vann på rommet!? Vær så snill å fylle radiatoren.

6/04/2009

Sol, sumar og...

Det er tid for sol! Og sumar! og noko anna på s! I alle fall dersom ein skal tru sumarleirinnbedingane som renn inn for tida. Kva er den aller beste bokstavrimkombinasjonen? Alliterasjonsredaksjonen på AKP har sett seg ned for å undersøkje dei beste bokstavrima innanfor ulike sektorar.

Målrørsla
Sol, sumar og Sylfest
Sol, sumar og sidemål


Velferdsstaten
Sol, sumar og sjukeheimsplass
Sol, sumar og samhandlingsreforma


Språk og kultur
Sol, sumar og sarkasme
Sol, sumar og sceneskrekk


Privat
Sol, sumar og sadisme
Sol, sumar og syfilis


Her burde det vere nok av overskriftsmalar til lokalavisjournalistikken i sumar. Kva er din favoritt?

6/03/2009

Kunne Jon Hustad gå frå debatten i protest?

Sist fredag skipa Klasskeapmen til debatt om islamofobi (gjesp?) under Litteraturfestivalen på Lillehammer. Høgdepunktet i debatten var visstnok (eg nytta tida på betre ting, som å sjå gras vakse eller måling tørke) at Jon Hustad, journalist i Dag og Tid og prominent representant for Horehøgre, gjekk i protest. Spørsmålet blir då: Kan Jon Hustad gjere noko slikt?

Det å forlate ein debatt i protest er debattantanes svar på scenestuping (stage-diving) – det er den ultimate aktiviteten – noko berre rockestjerner og Carola kan tillate seg. Er Jon Hustad Dag og Tid-varianten av Carola? Kanskje. Men held det? Neppe.

Det å leve med Dag og Tid er litt som å ha bu i kollektiv med ein som vil leggje seg klokka ni kvar kveld: Jamvel om ein er glad i sambuaren sin, blir det slitsamt i lengda. Dag og Tid slepp til utruleg mange uinteressante folk i spaltene sine, og Jon Hustad får frykteleg mykje plass til å gjere greie for standpunkta han har i alle moglege saker.

Kva skjedde med Mira Craig då ho stupte frå scenekanten? Jo, knesskålene gjekk i betonggolvet (saman med resten av dama) og resultatet blei ein tur på sjukehus. I staden for å bli løfta av folk flest, datt ho pladask ned i røynda.

Kanskje er det slik at Jon Hustad no ligg med knuste debattantknesskåler?

6/02/2009

EU-valet

Som veldig fåe veit, er det EU-parlamentsval 7. juni. Den aller beste grunnen til å røyste fann eg som vanleg på Youtube, staden der vanlege menneske orienterer seg om politikk.